Dette er Bremnes Fryseri


Det handlar om sunn mat hausta frå havet.
Om gründermentalitet og innovasjon, og berekraftig produksjon.
Om gode arbeidsplassar, stoltheit og lokal identitet,
men mest av alt handlar det om kvalitet.

DET LIGG I RYGGMARGEN

Me har etablert ein kultur der det er høve til å komme med konstruktive forslag og innspel for forbetringar som gjer at me er i ei kontinuerleg positiv utvikling.



Olav Svendsen - Konsernsjef

Det ligg i ryggmargen

Tenk om himmelen alltid var blå og havet låg blikkstille til ei kvar tid? I ei perfekt verd høyres det kanskje forlokkande ut. Men det spørst om ikkje me vestledingar etter ei stund hadde sakna litt ruskevær likevel. For det er variasjon som gjer dagane spennande. Slik er det også hos oss i Bremnes Seashore. Det er nye utfordringar men også nye moglegheiter kvar einaste dag.

Engasjementet til dei tilsette i Bremnes Seashore som grip moglegheitene, motiverer meg. Eg kjenner at me har etablert ein positiv kultur som ligg i ryggmargen på kvar einskild. Ein kultur der det er høve til å komme med konstruktive forslag og innspel for forbetringar som gjer at me er i ei kontinuerleg positiv utvikling. Noko som er heilt naudsynt for å kunne konkurrere på høgaste nivå i denne bransjen.

I tillegg til gode medarbeidarar er det også viktig å investere i godt utstyr og moderne fasilitetar. I fjor vart to nye hallar sett

i drift ved settefiskanlegget i Trovåg. Me tek også i bruk éin til denne våren. Med Trovåg-anlegget har me teke Bremnes Seashore sin smoltproduksjonen til eit enno høgare nivå. Me kan no produsera vesentleg større smolt og på den måten redusere produksjonstida i sjø. I 2017 fornya me også pakkeriet med mykje nytt utstyr. Eit viktig element for å styrke sluttprodukta våre.

Å trygge produksjonen og stette myndigheitskrava er kostnadsdrivande. Samstundes ser me at kvaliteten på produkta våre ligg i øvste sjikt både nasjonalt og internasjonalt. Det er ein gevinst for oss. Og det er uaktuelt å driva produksjon av laks på ein måte som ikkje er bærekraftig eller går på kostnad av dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld. Men me må bli betre på kommunikasjon ut til media og forbrukarane. Fakta om kor mykje, og kor god og sunn mat me produserer på ein skikkeleg måte har me enno ikkje klart å formidle ut godt nok.

Bremnes Seashore sin aktivitet er ein svært viktig faktor for lokalt næringsliv og sysselsetting. Me handlar varer og tenester for omlag 2,0 milliard kroner, hovedsakeleg hjå leverandørar i kommunar rundt lokalitetane våre. Det gjev store ringverknader. På mange måtar er me gjensidig avhengig av kvarandre. For éin ting er sikkert: Om ti år vil lakseproduksjonen sjå heilt annleis ut enn i dag. Då er det viktig å vite at ein har innovative tilsette og gode samarbeidspartnarar som tek utfordringane og ser moglegheitene.

Året 2017 vart eit godt år for vår verksemd. Eg vil difor få takka alle tilsette for framifrå god innsats. Takk også til våre leverandørar og andre som er viktige for at me når våre mål. No rettar me blikket framover. For hos oss i Bremnes Seashore ligg det i ryggmargen!


Olav Svendsen
Konserndirektør

LOOK TO NATURE

Grunnfilosofien bak lakseproduksjonen til Bremnes Fryseri er «Look to nature». Heilt frå laksen er rogn til han er vaksen prøver me å kopiera tilhøva i naturen etter beste evne - ut frå det me veit om biologien til villaksen. Målet er å skapa best mogleg fiskehelse og fiskevelferd, to særs viktige byggjesteinar som ligg i botn for heile verksemda vår.

Icon

30000
tonn laks pr. år

Icon

Icon

25
laksmiddagar pr. nordmann

Me sikrar trygg produksjon og topp kvalitet!

Me utviklar rogn med særleg gode eigenskapar i samarbeid med stamfiskanlegg. Etter klekking veks yngelen opp i eit ferskvatnanlegg.

Laksesmolten vert sett ut i sjøen når han er omlag 100 gram. Der veks han fram i merdar med ekstra god plass til han kan haustast. Kombinert med friskt vatn og gunstige straumforhold sikrar me laksen god fiskehelse.

Når laksen er omlag 5 kilo vert han transportert levande frå dei ulike oppdrettsanlegga, til opptak og handsaming ved fabrikken vår i Øklandsvåg. Ferdige produkt av ulike slag vert her klargjort og lasta for distribusjon til kundar over heile verda.

Vår fokus på kvalitet frå start til mål gjev eit sluttprodukt av høgaste kvalitet.









LANGSIKTIG PRIORITERING
AV FORSKING OG UTVIKLING

– Me har kanskje den aller største kompetansen i Norge

Langsiktig prioritering av forsking og utvikling gjennom fleire tiår har ført til at Bremnes Seashore i dag er verdsleiande på råstoffkvalitet.


– Tilbakemeldingane me har fått viser at me berre har skrapa i overflata på kva me kan få ut av dette. Me kan skape fantastiske produkt i framtida som kan gi oss meir inntening og fleire lokale arbeidsplassar. For dette må skje her på Bømlo. Dette kan me ikkje eksportere.

Sals- og marknadssjef Simon Nesse Økland sparar ikkje på superlativa når han fortel om det splitter nye «Live Cold Fish»-anlegget som Bremnes Seashore skal tas i bruk i løpet av 2018.

Årevis med forsking som Bremnes Seashore har utført heilt sidan starten av 1990-talet, vil no manifestere seg i det nyskapande Live Cold Fish-anlegget som berre ventar på å bli fylt opp med vatn.

Som ved mykje forsking så starta det med ein heilt banal observasjon: kvaliteten på fisken var mykje betre på vinteren enn om sommaren.

Dette var starten på forskingssamarbeidet med Landbrukshøgskulen på Ås, som resulterte i Kald Fisk-konseptet. Det handlar om at laksen er eit vekselvarmt dyr. Gjellene fungerer som varmevekslarar og gjer at temperaturen i laksen raskt blir lik temperaturen i omgjevnadane.

Denne forskinga er bakgrunnen for Kald Fisk-anlegget, som aukar velferda og minskar stressnivået til fisken, som igjen gjer at pre-rigortida (tida før fisken blir dødsstiv) vert forlenga. Det betyr ein betre kjøttkvalitet.

– Dersom me slaktar laksen medan den er nedkjølt har den lågare stressnivå og betre kvalitet året rundt, seier Økland.

Bremnes Seashore utvikla det første Kald Fisk-anlegget på 1990-talet, men anlegget har ikkje hengt med i den rivande volumutviklinga ein elles har opplevd i selskapet. I det nye tankanlegget vil selskapet gjennom unik kompetanse bygd opp gjennom mange år - kombinert med topp moderne teknologiske løysingar - produsere laks med ein kvalitet som imponerer langt utanfor landegrensene.

– Me ser betre resultat enn kva me trudde var teoretisk mogleg. Me har testa dette på kresne kundar, mellom anna i Asia, der me ser at dei vert veldig begeistra.

Og det er ikkje berre ein smaksak. Dei har også gjort målingar som syner at fisken har lågare stressnivå, ved å måle kortisolnivået og mjølkesyra i laksemusklane.

Bremnes Seashore driv denne forskinga gjennom selskapet Kald Fisk AS. Selskapet vart opphaveleg starta for å selje teknologien bak Kald Fisk-anlegget til oppdrettsbransjen. Seinare vart føremålet endra til å drive med forsking knytt til det superferske råstoffet samt å bidra med produkt- og prosessutvikling.

Sentral i denne satsinga er seniorforskar Svein Olav Fjæra, som har bakgrunn frå Landbrukshøgskulen (no NMBU – Norges miljø- og biovitenskapelige universitet).

– At me har denne kompetansen i konsernet gjer oss unike. Gjennom eigen kunnskap og samarbeid med forskingsmiljø har me kanskje den aller største kompetansen i Norge. Det har vore til nytte for heile næringa, og aller mest for oss, seier Økland.

Den auka råstoffkvaliteten banar også vegen for nye produkt. Å kunne filetere fisken før rigor gir fisken betre tekstur, og har vore sentralt i utviklinga av Versalar SALMA-loins og ikkje minst Versala SALMA-burgeren, som ikkje inneheld noko bindestoff utanom salt.

Den grundige satsinga på forsking og utvikling er også eit godt salsargument ute i verda.

– Det at me har så mykje kunnskap om råstoffet er ein stor styrke når me skal marknadsføre produktet i verda. Det er gode salsargument. Ein truverdig og god historie, som gjer at me når kvalitetsbevisste kundar over heile verda.












I det nye tankanlegget vil selskapet gjennom unik kompetanse bygd opp gjennom mange år - kombinert med topp moderne teknologiske løysingar - produsere laks med ein kvalitet som imponerer langt utanfor landegrensene.



Svein Olav Fjæra

PRODUKTUTVIKLING




Vår eiga merkevara for premium kvalitetslaks.
Eit resultat av generasjonar med erfaring, høg kunnskap om oppdrett og nytenking i alle ledd.




Merkevara vår for premium frossen laks. Vår eigen superfrys-teknologi gir samme kvalitet og følelse av ferskheit som eit ferskt produkt.

Icon21Matfiskkonsensjonar
Icon3FoU-konsensjonar
Icon3Settefiskkonsesjonar
Icon1Slakteri













80-ÅRS JUBILEUMSFEST

Fine folk på fest

Eit evinneleg pågangsmot og knallhard jobbing. Det var slik det starta på vestsida av Bømlo for 80 år sidan. Olav Svendsen var ein gründer i kropp og sjel. Det han la grunnlaget for den gongen er i dag blitt til ein matprodusent av sunn sjømat der kvalitet står i høgsetet. Mange hundre arbeidsplassar og milliardomsetnad har likevel ikkje rokka ved kulturen i selskapet.

Vest på Bømlo og i fjordane i Rogaland og Hordaland er det framleis ekte, ærlege og jordnære folk som arbeider hardt og står på for kvarandre. Kvar dag. Slikt vert det god kultur og gode resultat av! I desember 2017 feira me oss sjølve. Det vart ein strålande fin fest. 80 år gamle men særdeles unge til sinns. Bileta talar for seg sjølv. Fine folk!












Jubileet var heilt strålende!
Maten var himmelsk og underhaldninga topp,
sjølvaste Samantha Fox! Det føles bra å jobbe med folk
som likar å skjemme bort sine eigne litt, i ny og ne.



Sandra Ugglesjö
m/ kjærest Paul Harrison






























Jubileumsfesten var ein 80-åring verdig.
Fantastisk kjekt, bra show og god mat!



Bjørn Roar Kippersund
m/ kone Vigdis Kippersund












Jubileumsfesten var ei god og kjekk oppleving
både med omsyn på mat, drikke, underhaldning
og deltakarar, og ei fin anledning til å treffe
gode kollega utanfor jobb.



Bjarte Salamonsen
m/ kjærest Hege Aas Vad















Jubileumsfesten inneholdt alt ein kunne ønske seg.
Takk og til Rica Maritim for ei flott gjennomføring.



Anne Brith S. Haakull & Øyvind Haraldseid










PÅ MERDKANTEN I
OVER 40 ÅR

Geir Olav Søvold, eit levande symbol på kva
kontinuitet betyr i ei framgangsrik bedrift.

Kontinuitetsberaren Søvold

Morgonen er mørk, kald og våt på vestsida av Bømlo. Regnet piskar mot andletet til Geir Olav Søvold og kollegaen. Det er utriveleg, men dei to karane ensar det knapt. Jobben må gjerast om det så regnar i vinkel. Båten kløyver bølgene i det den rundar første neset. Litt lenger ute i havgapet skimtar dei lys frå oppdrettsannlegget. Eit lys frå brakka som alltid er avslått. Ein båt dei aldri før har sett ligg fortøyd til lekteren. Geir Olav klatrar lydlaust opp leideren. Gjennom vindauga ser han ein svær skugge teikna seg oppover veggen og i taket. Frysningane kryp raskt nedover ryggrada. Bømlingen tek tak i dørklinka og rykker opp døra. Synet som møter han gløymer han aldri.

– Hei og velkommen!

Handtrykket er fast. Røysta kraftig og tydeleg. Geir Olav Søvold er ein trufast arbeidstakar i Bremnes Seashore.

– Eg begynte her tre veker før eg fylte 16 år. I juni 1976. Til saman har eg vore her i 42 år, fortel Søvold.

Men eigentleg starta det nokre år tidlegare. For som 14-åring hadde den unge guten helgejobb med å fôra regnbogeaure.

– Det var ingen automatfôring den gongen. Me balanserte på ein smal merdkant. Det heimelaga fôret bar me ut i bøtter og spreidde utover. Det var tungt, seigt og grisete.

Søvold humrar. Han har vore med på ei enorm utvikling sidan fyrste arbeidsdag.

– Eg hugsar då me jobba akkord og flekte pigghå på mottaket i Kvednavikjo. Det var tungt arbeid. Om morgonen måtte eg ha hjelp av mor mi til å skjere brødskivene på grunn av senebetennelse. Men me tente veldig gode pengar!

Han foldar hendene og kikkar opp på skjermane som gir full oversikt over laksen som svømmer i merdane. 567 000 i talet. Tilgang på kranar og maskinar har gjort arbeidet vesentleg enklare i dag.



– Av gamle Svendsen lærte me at ingen hadde vondt av å ta i eit tak. Ein gong me ungdommane heldt på med å lossa 50 kg fôrsekker for hand sneik me oss til å «låna» ein truck. Jobben gjekk jo mykje fortare då. Men Svendsen oppdaga oss.

– Nei, dette er for enkelt! De får fortsette å bære dei på plass, slo han fast.

Karen i stolen flirer. Ingenting tyder på at han mista motivasjonen av den grunn.

– Eg må jo få sagt at me har hatt det utruleg fritt og fint i denne bedrifta.

– Eg må jo få sagt at me har hatt det utruleg fritt og fint i denne bedrifta. Det har også gitt muligheita til å påverke resultata på ein positiv måte. Det er knallviktig!

Søvold reiser seg og set kursen mot arbeidsbåten på kaien. Nokre minuttar seinare set han kursen utover mot oppdrettsanlegget.

Akkurat som den våte og kalde kvelden for mange år sidan.

Søvold rykker opp døra. Og der står han. Haugesundaren. Berre iført truse og strikkelubber.

Iskald.

– Er eg i Langenuen no, stotrar han.

– Nei, langt i frå. No er du på vestsida av Bømlo på eit oppdrettsannlegg, svarar Søvold når han har fått summa seg.

Det viste seg at haugesundaren var fuktig både på innsida og utsida. Båten hadde han gått på land med. Søvold og kollegaen fekk på den skipbrotne nokre tørre klede og sende han med einvegsbillett til Valevåg.

Det er ikkje tvil om at opplevingane har blitt mange i løpet av over 40 år som Bremnes Seashore tilsett. Søvold speidar utover Bømlafjorden. Han er blitt eit levande symbol på kva kontinuitet betyr i ei framgangsrik verksemd.




Hovudtal 2017


53,3 %

Eigenkapital

11,5 %

Vekst

17,7 %

Overskotsgrad

Omsetning 2013-2017

Omsetning 2013-2017

Fordeling av omsetning pr. segment

Fordeling av omsetning pr. segment

KUNSTEN Å GJERE MEIR
AV DET SOM VERKAR

– Målet er å gjere enno meir av det
me veit verkar positivt for tilsette,
fiskevelferda og resultatet.



Einar Eide - adm. direktør

Kunsten å gjere meir av det som verkar

Det er nye tider i Bremnes Seashore. Fisken har tak over hovudet lengre enn før. Tida i sjøen er kortare enn før. Ambisjonane er å redusere utfordringane. Slikt kan gje mange positive resultat.


I Trovåg sym smolten roleg med minimal fare for ytre påverknader. Han veks seg større under kontrollerte forhold enn nokon tidlegare smolt i selskapet si historie. Her er ikkje noko risiko for påslag av lus. I framtida vil ein kanskje snakke om tida før og etter Trovåg.

- Tida der me slapp smolt på 100 gram ut i sjøen er forbi. I 2019 reknar me med å produsere smolt på ca. 500 gram. Det vil sei at me har klart å redusere produksjonstida i sjøen med 1/3. Dette gjer at me ligg heilt i tet nasjonalt og internasjonalt på dette området, fortel administrerande direktør Einar Eide i Bremnes Seashore.

Auka ambisjonsnivå
Han forventar store positive ringverknader knytt til dei store investeringane som er gjort dei siste åra.

- Jamt over har me auka ambisjonsnivået vårt for 2018. Målet er å gjere enno meir av det me veit verkar positivt for tilsette, fiskevelferda og resultatet. Investering i gode verktøy for dei tilsette, produksjon av stor smolt og mindre handtering av fisken er element i dette.

Investeringsbudsjettet for 2018 er på over 300 millionar kroner.

- Me fortset investeringstakten så lenge me har finansiell handlekraft. Me er sikre på at det vil gjere oss meir robuste på lang sikt.

Lagarbeid
Resultatet for 2017 viser at det vart eit enno betre år enn rekordåret 2016.

- Me slo 2016 med god margin. Og det kjekke er at me hadde positiv utvikling i alle forretningsområde. Det er ingen tvil om at våre tilsette skal ha ei stor del av æra for det.

Eide gler seg også over at marknaden etterspør vesentleg meir foredla varer no enn tidlegare.

- Det er veldig kjekt og inspirerande. For der er me gode, og me har etterspurte produkt å tilby.

Kan styrke kvarandre
Framover ynskjer Eide å samarbeide enno meir med andre oppdrettarar.

- Eg trur me har mykje å tene på det. Me sår og haustar i den same sjøen. Med tettare samarbeid kan me både forhandle betre avtalar og gjennomføre meir effektive tiltak saman. Me ynskjer å vere ein positiv bidragsytar til meir samsnakking framover, avsluttar Eide.

VÅRE VIKTIGASTE RESSURSAR

I Bremnes Fryseri er det mange som ope fortel at dei er stolte av å arbeida i verksemda. At dei er stolte av å produsera SALMA. Og at dei er stolte av å kunna produsera millionar av sunne laksemiddagar til menneske verda rundt. Me er stolte av å ha dei som medarbeidarar!

Saman dreg me den mest spennande og innovative norske lakseverksemda i same retning. Inn i framtida mot nye marknadar.

Icon
403
tilsette
jobbar hos oss

Personalvekst

Personalvekst













SPONSORARBEID

Me støttar lokalsamfunnet

Gjennom vårt sponsorarbeid ønskjer me å bidra til å skape mangfaldige lokalmiljø langs kysten der me driv verksemd. Me prioriterer prosjekt og aktivitetar som fremmer lokalt mangfald og tilbod innan kultur, idrett og miljøaktivitetar, med særleg fokus på barn og unge.

Sponsormidlar 2013-2017

Sponsormidlar 2013-2017













PRISVINNAREN SALMA BRG

Med lidenskap for SALMA

Det er gått over ti år sidan SALMA vart presentert på marknaden for fyrste gong. Sjølv om konkurrentar er kome til undervegs, viser marknadsandelar og utmerkingar at SALMA held posisjonen som noko av det aller beste ein kan få tak i av sjømat.


Då SALMA kom på marknaden representerte det noko nytt i marknaden. Ingen meisterkokkar eller vanlege forbrukarar hadde sett eit liknande kvalitetsprodukt frå laks.

- SALMA var noko heilt unikt. Og utviklinga frå 2007 har vore veldig positiv. Produkta våre er framleis svært populære sjølv om konkurransesituasjonen i dag er mykje tøffare enn den gongen. Eg trur me hevdar oss fordi me framleis har ei innovasjonskraft og ein lidenskap blant våre tilsette. Dei strekk seg enormt langt for å skape produkt som gir meirverdi for kundane våre, fortel administrerande direktør i Salmon Brands AS, Tine Hammernes Leopold.

«Årets sjømat oppdrett»
Og mykje tyder på at meirverdien er reell. For i januar 2017 vann SALMA BRG prisen for «Årets sjømat oppdrett» i Det norske måltid.

- Det er alltid kjekt å vinne utmerkingar og prisar. Og spesielt når det er tredjeparts vurderingar. Det gjer oss stolte. I tillegg gir det oss positiv omtale som styrker merkevara vår.

På utanlandske bord
Det er likevel ingenting som tyder på at ein lener seg bakover. For det vert arbeidd målretta i alle ledd for å nå nye marknader.

- Me har oppretthalde posisjonen vår i den norske marknaden. Samtidig ser me eit stort potensiale utanfor landegrensene som ikkje er utnytta. Me har sett oss som langsiktig mål at 40 % av SALMA-produkta skal eksporterast til utlandet. For me unner også folk der gode måltid med fantastiske smaksopplevingar. Med dei tilsette sin lidenskap for SALMA skal me greie det, avsluttar Hammernes Leopold.

ÅRET 2017

JANUAR
SALMA BRG vann prisen for Årets Sjømat.

FEBRUAR
Oppstart "Utvikling av framtidas havbruksfartøy" i samarbeid med Maritime Cleantech West.

MARS
29 tilsette gjekk opp til teoretisk eksamen for fagprøve. Alle kandidatane bestod.

APRIL
Bømlo-russen sprang løp for livet, og Bremnes Seashore gav heile 40 000 til kreftforeninga.

MAI
Me gav sponsormidlar til 21 lag og organisasjonar i kommunane der me har aktivitet.

JUNI
Bremnes Seashore deltok i redningsøvelse på Hjelmeland.
Me støttar lokalsamfunnet på mange måtar.

JULI
Statsminister Erna Solberg (H) og Knut Arild Hareide (KrF)
blir servert SALMA BRG på besøk hos Bremnes Seashore.

AUGUST
Premiering for beste matstand på Tomat-festivalen på Finnøy.

SEPTEMBER
Me deltok på Sunnhordlandstreffet.

OKTOBER
Me deltok på Innovasjonscamp med Ungt Entreprenørskap Hordaland.

NOVEMBER
Pr. november hadde me nesten satt ut 8 millionar smolt.

DESEMBER
Me feira oss sjølve. 80 år gamle, men særdeles unge til sinns! Ein strålande fin fest.



Styret si årsmelding for 2017

Nøkkeltall og høgdepunkt

Nøkkeltall og høgdepunkt

Styret si årsmelding for 2017

Bremnes Fryseri har hovudkontor i Bømlo kommune med produksjonsavdelingar i Hardanger, Sunnhordland og Rogaland, og salskontor i Bergen, Oslo, Stockholm og Paris. Verksemda til konsernet omfattar i all hovudsak oppdrett av settefisk og matfisk, samt slakting, pakking, frysing, foredling og sal av oppdretta laks og lakseprodukt.

2017 var eit rekordår for omsetning og lønnsemd ettersom etterspørsel overgjekk tilbod noko som resulterte i høge prisar globalt. Operasjonelle og biologiske utfordringar var ei kjelde til auka kostnader innan oppdrettsverksemda, medan høge lakseprisar hadde ein negativ effekt på lønnsemda til foredla produkt. Kostnadstiltak er iverksett, noko som saman med investeringar på auka smoltstorleik er forventa å bidra til ytterlegare vekst i topplinje og marginar.

2017 OPPSUMERT
2017 var eit rekordår både med omsyn på omsetning og lønnsemd. Salet har aldri vore høgare med ein total omsetnad på NOK 2 630,7 million, 11,5 % over den gamle rekorden frå 2016. Etterspørsel etter laks overgjekk tilbodet

gjennom året, noko som gav gode priser i alle marknader. Fordelen med høge prisar vart midlertidig delvis møtt av auka kostnader i produksjonen på sjø. Til tross for at høgare fôrkostnader og biologiske utfordringar bidrog til kostnadsauke klarde ein gjennom god drift og aktiv kostnadskontroll å halde produksjonskostnaden på nivå med fjoråret. Stabilt høge prisar gjennom året hadde derimot ein negativ effekt på lønnsemda til dei foredla produkta våre ettersom prisbiletet for foredla varer er mindre volatilt enn for råvarene. Trass høge råvareprisar klarde foredlingsverksemda å skapa meirverdiar gjennom streng ressursstyring i produksjon og godt marknadsarbeid. Settefiskverksemda vår er under utvikling, og me legg ned store verdiar i posisjonering mot stor smolt. Satsinga er føre skjema og resultata er svært lovande, og betre enn forutsett for året. Som eit resultat av dette vart den operasjonelle EBIT for konsernet rekordhøg med NOK 489,8 million, samanlikna med NOK 316,3 million i 2016. Med 21,0 % var ROCE for året langt over det langsiktige målet på 11 %. NIBD for året enda på NOK 471,2 million, NOK 149,7 million over målet.

Styret si årsmelding for 2017

BREMNES FRYSERI-KONSERNET
Vår visjon er å vera leiande leverandør av kvalitetslaks til den globale merknaden. Den beste måten å levere leiande kvalitet på er gjennom ein produksjon som har sitt fundament i høg etisk standard, berekraft og lønnsemd med eit fokus retta mot ferskheit, hygiene, fiskevelferd og innovasjon. For å klara dette tar me mål av oss å dra nytte av heile den integrerte verdikjeda og ta ansvar for å leia utviklinga av kvalitetsfremmande produksjonstiltak. Me er i dag mellom dei største familieeigde lakseprodusentane, og leverer den fremste kvaliteten i den globale marknaden. Me arbeider hardt for å auke konkurransekrafta og plassere Bremnes Fryseri i førarsetet for utvikling av bransjen, og har mellom anna lagt ned store ressursar på å vera leiande på å imøtekoma offentlege rammevilkår gjennom aukande intern kontroll og informasjon. Konsernet er samansett av folk med fokus på drift, og ikkje politikk. Me forstår at dei beste avgjerslene ikkje kan grunngjevast av kva ein håpar på, men heller dei fakta me ser. Me vinn gjennom å engasjera alle

delar av verksemda, og me spelar på våre mest fundamentale styrker – innsatsen som kvar og ein legg ned kvar dag. Det har gitt svært gode resultat i 2017, og er eit sterkt grunnlag for vidare utvikling og vekst. Arbeidet er tufta på ein kultur med verdiane kunnskap, utvikling, truverd og trivsel, ein kultur som har gjort oss til ein enkel, rask og meir ansvarleg organisasjon. Posisjonering av Bremnes Fryseri for siger har kravd endringar. For oss er ikkje endring administrasjon av moment, men fokus på verdiskaping gjennom investering i innovasjon, eigenskapar og kapasitet for å sikre framtidig vekst. Me ønskjer at konsernet skal vera essensiell og langsiktig for både kundar, eigarar og tilsette.

Vi opererer i dag i tre forretningsstraumar: settefisk, heilfisk og foredla fisk. I 2017 har me styrka Bremnes Fryseri sin konkurransekraft gjennom investeringar i teknologi og effektivitet. Viktige strategiske mål som større smolt, og meir fisk gjennom pakkeri og salsleddet er innfridd.

Styret si årsmelding for 2017

Smoltstorleiken har auka med 37,0 % frå førre år og volumet av laks gjennom fabrikkane har auka med 23,3 %, eller 6 300 tonn. Volumveksten kjem frå eige oppdrett og frå eksternt tilført fisk, noko som har bidrege sterkt til auka verdiskaping. Me har i 2017 hatt auka lønnsemd innan alle deler av verksemda inkludert auke i omsetninga med 11,5 %, og me leverte ein konsernmargin på NOK 15 per kg produsert fisk. Dette har me oppnådd i eit år der me har investert i innovativ teknologi som vil driva produktiviteten dei neste åra. Trovågutbygginga er eit godt døme på dette, og har vist at me ikkje berre har eigarar som har stor vilje til å utvikla verksemda vidare, men at me òg har evne til å gjennomføra store prosjekt. Utfordringa for alle selskap er å investera i framtida parallelt med at ein leverer gode resultat. Me har utfordra oss sjølve og oppnådd finansielle mål samstundes som me har posisjonert oss for åra som kjem.

FINANSIELLE RESULTAT
Dei finansielle resultata er skapt av dei tilsette, og interaksjonen mellom dei, natur og teknologi. Langsiktig suksess kvilar på eit godt samspel mellom desse, samt ein vekst basert på miljømessig og finansiell berekraft.

KONSERNRESULTAT
Omsetnad og volum
Omsetning for 2017 var NOK 2 630,7 million, som var ein auke på 11,5 %, eller NOK 270,9 million samanlikna med omsetnaden på NOK 2 359,9 million i 2016. Veksten var drive av framleis gode prisar og auka produksjonsvolum, og omsetnaden var den høgaste i konsernet sin historie. Den gjennomsnittlege lakseprisen gjekk ned med 2,6 % i 2017, samanlikna med 2016.

Styret si årsmelding for 2017

Konsernet produserte totalt 28 200 tonn fisk i 2017, dette var 2 400 tonn meir enn i 2016. Dette er det høgaste volumet me har hatt av eigenprodusert fisk i løpet av eitt år. Produksjonsauken kom til trass for aukande biologiske utfordringar hovudsakeleg relatert til lakselus.

Materialkostnad
Varekostnaden for 2017 enda på NOK 1 469,5 million, ein auke på 3,6 %, eller NOK 51,0 million, samanlikna med materialkostnaden på NOK 1 418,4 million i 2016. Auken kom hovudsakleg frå høgare kostnader relatert til fiskehelse og -fôr i sjøproduksjonen.

Løns- og personalkostnader
Totale løns- og personalkostnader for 2017 var NOK 275,2 million, som var ein auke på 8,8 %, eller NOK 22,4 million, samanlikna med NOK 252,8 million i 2016. Auken kom

hovudsakleg frå vekst i antall tilsette på sjø. For landaktivitetane kan nemnast av redusert bemanning i foredlingsaktivitetane. Ved å utnytta kapasiteten meir effektivt klarte ein å oppretthalda foredla produksjonsvolum, medan antall tilsette i foredlingsproduksjonen vart redusert med 12 årsverk i 2017. Netto auke i 2017 var 20 årsverk.

Andre driftskostnader
Andre driftskostnader auka med NOK 48,1 million, eller 19,9 % gjennom 2017 samanlikna med 2016. Dei auka kostnadene kom hovudsakleg gjennom høgare vedlikehaldskostnader, spesielt relatert til oppgradering av behandlingsfartøyet «Eva Elisabeth».

Driftsresultat før finanskostnader (EBIT)
Som eit resultat av dette vart EBIT i 2017 NOK 427,7 million samanlikna med NOK 314,8 million i 2016.

Styret si årsmelding for 2017

Operasjonell EBIT
Konsolidert operasjonell EBIT auka med 54,8 % i 2017, frå NOK 316,3 million i 2016 til NOK 489,8 million i 2017. Auken kom hovudsakeleg gjennom høge prisar, auka volum og kostnadstiltak i foredlingsverksemda.

Avkastning på sysselsatt kapital (ROCE)
ROCE var 21,0 % for 2017, noko som var ein auke frå 18,2 % i 2016. Auken kjem som eit resultat av styrka driftsmarginar justert for ekstraordinære nedskrivingar på biomasse og utstyr. Det langsiktige målet er ein ROCE på over 11 %.

Finanskostnader
For 2017 vart finanskostnadene redusert med 13,0 % til NOK 27,1 million samanlikna med NOK 31,2 million i 2016.

Gjennomsnittleg renteberande gjeld i 2017 var NOK 622,2 million, ei auke samanlikna med NOK 621,1 million i 2016. Netto renteberande gjeld per 31.12.2017 var totalt NOK 471,2 million.

Konsernet er eksponert for finansiell risiko i form av marknadsrisiko, valutarisiko, kredittrisiko og likviditetsrisiko. I den grad konsernet ser det som naudsynt har ein styrt risikoen ved bruk av finansielle instrument og forsikringsordningar.

Skatt
For 2017 vart skattekostnaden på NOK 91,4 million, samanlikna med NOK 68,5 million i 2016. Hovuddrivaren for auken var forbetringa i resultat før skatt og midlertidige forskjellar.

Styret si årsmelding for 2017

KONSESJONAR
Konsernet har 21 ordinære konsesjonar i tillegg til tre FoU-konsesjonar. Den bokførte verdien av konsesjonsrettane er i årsrekneskapen oppført med NOK 88,2 million for 2017. Målt i NOK per kg produsert laks utgjer dette NOK 3,13. Den bokførte verdien er uendra frå 2016. Den gjennomsnittlege netto utnyttinga av konsesjonane utgjer 90,3 % i 2017, samanlikna med 95,0 % i 2016 utgjer dette ei nedgang som kjem som ein kombinasjon av biologiske utfordringar og brakkleggingsperiodar. Det er ei forventning om at utnyttinga vil auka i komande år. Eit viktig element i denne samanheng er satsinga på større gjennomsnittsvekt på smolt som vert sett ut, noko som vil bidra til auka hausting per konsesjon.

LIKVIDITET OG KAPITALRESSURSAR
Dei viktigaste likviditetsressursane vår er kontantbehaldning, inntekter frå drift, og til ein viss grad banklån. Likviditetsbehovet kjem hovudsakleg gjennom varekostnader, inkludert fiskefôr, investeringar, anna arbeidskapital, og kapitalkostnader for handsaming av gjeld og utbytte. Dagens behaldning av kontantar er tilstrekkeleg for å dekke arbeidskapitalbehova i ordinær verksemd.

Netto renteberande gjeld var NOK 471,2 million per 31. desember 2017, og NOK 514,5 million for same periode i 2016. Reduksjonen kjem gjennom betra kontantstraum frå drift. Dette kjem som nemnd av høgare marginar. Netto gjeld over sysselsett kapital utgjorde 22,7 % for 2017, medan tilsvarande forhold var 29,8 % i 2016.

Styret si årsmelding for 2017

KONTANTSTRAUM
Kontantstraum frå drift
Kontantstraum frå drift for 2017 enda på NOK 339,6 million, samanlikna med NOK 491,0 million for 2016. Reduksjonen kom delvis frå auka skatteutgang kombinert med auke i lagerført fisk i sjø.

Kontantstraum frå investeringar
Kontantstraum frå investeringar for 2017 var NOK -256,2 million. I 2016 var dette NOK -257,9 million. Den største drivaren på investeringssida var utbygginga på Trovåg. Dette tiltaket vil redusere produksjonstida i sjø vesentleg og sikre betydeleg betre kontroll på biologisk produksjon.

Kontantstraum frå finansiering
Kontantstraum frå finansiering for 2017 var NOK -43,8 million, samanlikna med NOK -132,1 million i 2016. Av dette utgjorde utbytte NOK 40,0 million.

ÅRSRESULTAT
Resultatet etter skatt vart NOK 339,6 million. Dette er ein auke på NOK 91,9 million samanlikna med NOK 247,7 million i 2016.

UTBYTTE
Bremnes Fryseri utbetalte eit utbytte per aksje på NOK 65,6 i 2017. I 2016 var utbytte NOK 32,8 per aksje.

Styret si årsmelding for 2017

Konsolidert resultatrapport

Konsolidert resultatrapport

Styret si årsmelding for 2017

DISPONERING AV RESULTAT
På den komande Generalforsamlinga vil styret foreslå at årsresultatet på NOK 339,6 million disponerast som følgjer: Overføring til anna eigenkapital NOK 339,6 million.

FORTSATT DRIFT
Med bakgrunn i dette vert det i samsvar med Regnskapslova § 3-3a stadfesta at føresetnaden om framleis drift er lagt til grunn ved utarbeiding av rekneskapen. Stadfestinga er basert på rapporterte resultat, konsernet sin strategi, finansielle situasjon og etablerte budsjett.

BEREKRAFT
Det er stadig aukande sosialt fokus på miljøpåverknad og industriell verdiskaping. Samstundes skjer det ein kraftig utvikling i levestandard som vil krevje at framtidig matproduksjon møter global etterspurnad. I Bremnes Fryseri ser me ei klår samanheng mellom berekraft og lønnsemd.

Langsiktig vekst og utvikling av konsernet og bransjen er det avgjerande at drifta skjer i tråd med miljøkrav, og styret sin oppgåve er at denne etikken vert ivaretatt etter beste evne. Dette krev stor fokus på rømingssikker produksjon, biologisk mangfald, bruk av medikament, fiskehelse og berekraftig råvarebruk. Det er eit mål at oppdrettsverksemda er drive forsvarleg i forhold til miljømessige mål.

Konsernet overvaker nøye sjøkvalitet og påverknad av botnforholda rundt anlegga for å sikre ei berekraftig drift med minimalt fotavtrykk på miljøet.

Lakselus har òg i 2017 vore ei utfordring for selskapet. For å møta utfordringane på ein betre måte har verksemda gjennomført ei rekke tiltak med blant anna satsing på førebyggande og ikkje-medikamentell behandling mot lakselus.

Styret si årsmelding for 2017

FORSKING OG UTVIKLING
I konsernet har ein som målsetting å drive aktivt med forsking og utvikling (FoU). Dette er viktig for å oppnå berekraftig vekst i bransjen gjennom god biologisk produksjon og eit samfunnsmessig akseptabelt fotavtrykk. Arbeidet har i tillegg vore konsentrert rundt utvikling og forbetring av kvalitet i slakte- og foredlingsprosessen og utvikling av nye foredla kvalitetsprodukt. Dette arbeidet har ei klår kopling mot vår visjon om å vera leiande på kvalitet i den globale marknaden.

Selskapet sine FoU-aktivitetar blir utført i nært samarbeid med norske forskingsmiljø.

HELSE OG SIKKERHEIT
HMS-arbeidet pågår kontinuerleg. Det er viktig for Bremnes Fryseri-konsernet å ha ein levande og innarbeida HMS-kultur. Konsernet har to hovudverneombod og tolv verneombod fordelt i organisasjonen. Arbeidsmiljøutvalet (AMU) har avhalde fire møte i 2017. Operativ verksemd har høgt fokus på sikkerheit, og det er investert mykje i nytt og sikkert utstyr. I tillegg har konsernet auka resursane for å sikra trygge arbeidsforhold og god kapasitet til dagleg drift og oppfølging.

Trygt Heim-omgrepet står sterkt i organisasjonen, og har som mål å understreka fokuset til dei tilsette rundt arbeidstryggleik. Alle skal jobbe så sikkert at dei sjølv og kollegaene kjem trygt heim kvar dag. Styret har sterk tru på at haldningsskapande arbeid er nøkkelen til førebygging av alvorlege skader, og har som mål å skapa ein kultur der dei tilsette tek ansvar for både eigen og andre sin tryggleik. For å styrka dette haldningsarbeidet er oppfølging av registrerte sikkerheitsobservasjonar ein viktig del av HMS-rapporteringa.

Bremnes Fryseri sitt mål er null skadar. Sikkerheita til dei tilsette og eit sunt arbeidsmiljø står høgt på styret sin agenda, og ein vil aldri akseptera at ein går på kompromiss med tryggleik for å møta andre driftsmål. Me måler helse- og sikkerheitsindikatorar gjennom H-verdiar, som er arbeidsulykker per million arbeidstime, i tillegg til fråvær. H-verdien var 7,6 totalt for 2017, medan samla sjukefråvær utgjorde 6,3 %.

Styret vil forsette å fokusera på viktigheita av forbetra helse og tryggleik i framhaldet.

Styret si årsmelding for 2017

TILSETTE
Ved utgangen av 2017 hadde konsernet 403 tilsette, der 379 er fast tilsett og 24 er midlertidig engasjert. Samanlikna med 2016 utgjer dette ei vekst på 20 tilsette som eit resultat av auka aktivitet spesielt på oppdrettsdelen av verksemda. Styret rettar ein stor takk til alle tilsette for innsatsen som vart lagt ned i 2017.

DISKRIMINERING OG LIKE RETTIGHEITER
Bremnes Fryseri er opptatt av å trygga likestilling, sikra like moglegheiter og rettigheiter og å hindra diskriminering i samsvar med Diskrimineringslova sitt formål. Konsernet arbeidar aktivt, målretta og planmessig for å sikra lovens formål om mangfald. Aktivitetane omfattar blant anna rekruttering, lønns- og arbeidsvilkår, karriere og vern mot trakassering.

Konsernet har som mål å vera en arbeidsplass der det ikkje førekjem diskriminering på grunn av redusert funksjonsevne. Konsernet arbeidar aktivt og målretta for å utforma dei fysiske forholda slik at verksemda sine ulike funksjonar kan nyttast av flest mogleg.

Bransjen har tradisjonelt vore samansett hovudsakleg av menn. Ved utgangen av 2017 var det høvesvis 59,2 % og 40,8 % menn og kvinner. Den operative leiinga i konsernet er samansett av totalt 17 personar, der 11 er menn, og 6 er kvinner. Av styrets fire medlemmer er ei kvinne. Uavhengig av ønskje om likestilling mellom kjønna har konsernet i sin rekrutteringspolitikk og lønssystem alltid vektlagt den enkelte sin kompetanse og innsats som avgjerande.

Styret si årsmelding for 2017

MARKNADSUTSIKTER
2017 var eit godt år for Bremnes Fryseri med rekordresultat og god kontantstraum. Høge råvareprisar og etterspurnad har vore sterke drivarar for utviklinga dei siste åra, og det er forventningar om framleis gode prisar, men rett nok på eit noko lågare nivå enn dei føregåande åra. Produksjonskostnaden auka i 2017, og styret forventar ytterlegare kostnadsauke i første halvår av 2018 som følgje av høg nedlagt kostnad i ståande biomasse kombinert med lågt sesonguttak.

Bremnes Fryseri arbeider målretta med å forbetra dei biologiske forholda i sjø, situasjonen med lakselus og andre biologiske tilhøve forverrar seg årleg. Styret anerkjenner den store jobben dei tilsette i konsernet gjer kvar dag for å betra tilhøva, og har tru på at auka samspel mellom nærliggjande aktørar i bransjen er den mest fruktbare vegen vidare. Dette, kombinert med auka ikkje-medikamentell handsaming av biologiske utfordringar, er viktig både med omsyn på lønnsemd og berekraft. Fisk som blir utsett for

behandling mistar fôringsdagar og appetitt, som igjen medfører redusert vekst, auka fôrfaktor og auka produksjonskostnad. Dette er såleis eit område som krev stor merksemd komande år.

Trass utfordringane har alle deler av verksemda klart å auka lønnsemda i 2017. Settefisk-aktivitetane er inne i ein investeringsfase med utvikling av post-smolt som i stor grad er forventa å betra tilhøva i sjøproduksjonen dei komande åra. Kombinert med at store krefter vert lagt ned i prosjektet har ein samstundes evna å halde fokus på dagleg drift, og klart å auke marginane i 2017 samanlikna med 2016. Heilfisk-produksjonen har auka volumet i eit produksjonsklima med stadig større biologiske utfordringar. Som eit ledd for å bidra til ytterlegare framtidig volumauke, reduserte kostnader og auka berekraft har konsernet fleire søknader inne i utviklingskonsesjonsprogrammet til myndigheitene. Foredlingsaktivitetane har levert svært gode resultat gjennom meir effektiv kapasitetsutnytting i produksjonen, og vidareutvikling av sterke merkevarer.

Styret si årsmelding for 2017

Resultata kjem på trass av svært høge råvareprisar. Dette er godt støtta av marknadsarbeidet i Salmon Brands og Ocean Quality. Salsselskapa har bidrege sterk til å styrka konsernet sine merkevarer gjennom ei innovativ marknadstilnærming som har utvikla både volum og produktattraktivitet. Etterspurnaden etter ferske lakseprodukt aukar kvart år, og konsernet ser fleire spennande utviklingsretningar dei komande åra.

Bremnes Fryseri vil fortsette å investere på tvers av verdikjeda for å støtte organisk vekst. Kapitalutgifter i budsjettet for 2018 er rundt NOK 350 million. Investeringane kjem i hovudsak frå tilrettelegging for produksjon av større smolt av betre kvalitet.

Styrken til marknaden for fersk laks har blitt testa gjennom auka priser over fleire år, og etterspurnaden har vore imponerande. Ein betydeleg drivar i denne samanheng er foredla lakseprodukt der trenden er at laks er blitt reposisjonert bort frå den tradisjonelle fiskedisken og i retning av meir tilgjengelege ferskvareutval samansett av varer med lavt brukargrensesnitt. Gjennom produktutvikling innan laksekategorien kan kundane i større grad velje ferske ferdigpakka produkt eller varer med større foredlingsgrad. Totalt sett er den globale marknaden for laks svært sterk, og styret ser lyst på laks som produkt og dei tilhøyrande utviklingsmoglegheitene i åra som kjem.

Rekneskap, notar og revisjonsberetning


Bremnes, 16. april 2018

Signaturer

Icon

Om Bremnes Fryseri

Bremnes Fryseri er eit holdingselskap, og eig selskapa Bremnes Seashore, Bremnes Shipping, Salmon Brands og Kald Fisk som tek seg av settefiskproduksjon, matfiskproduksjon, slakting, pakking, foredling, sal av SALMA-produkt, samt FoU-arbeid. Bremnes Fryseri eig 40 prosent av sals- og distribusjonsselskapet Ocean Quality som sel heilfisk og foredla laks, og 33,33% av settefiskprodusenten Tytlandsvik Aqua AS.

Bremnes Fryseri AS
Øklandsvegen 90, 5430 Bremnes

Telefon: 53 42 82 00
bremnes@seashore.no
www.seashore.no



Konsept og programmering av Sydvest.

 
VIS REKNESKAP OG NOTAR

STYRET SI ÅRSMELDING 2017

F.v.: Olav Svendsen (styremedlem/administrerande direktør), Laila Knarvik (styremedlem),
Øyvind Fossøy (styreleiar), Bjørn Willy Sæverud (styremedlem).